P. F. Waage vart etablert i 1951. Heilt sidan starten har vi satsa på å halde oss fagleg oppdaterte og føre eit breidt utval av kvalitetsvarer.
I dag er Glassvareavdelinga vår medlem i den landsdekkande kjeda ”Designforevig”. Vi sel dei fleste kjende design- og merkevarene innanfor gåveartiklar, servise, glas og bestikk.
Gjennom kjeden tilbyr vi ynskjelisteservice på nett til brudlaup, jubileum, åremålsdagar osb..
Våre gåvekort er svært poulære fordi dei og kan brukast i Gullsmedavdelinga vår.
Spør oss gjerne om hjelp til å finne firmagåver, brudlaupsgåver, dåpsgåver, fødselsdagsgåver, innflyttingsgåver og noko nytt til deg sjølv.
Vi ynskjer deg velkomen til vår butikk, du finn oss i sentrum av Ulsteinvik, like ved hotellet.